Osterøyelev vann skulekonkurranse i CNC
Vinnar Morten Lone KallekleivTorsdag 26. april 2012 vart det arrangert finale i skulekonkurransen i CNC på Nordhordland Industriservice på Radøy.

I finalen var det tre deltakarar, ein 2. års TAF-elev og ein VG2-elev frå Knarvik vidaregåande skule og ein VG2-elev frå Osterøy vidaregåande skule.

Elevane fekk utlevert oppgåva ei veke på førehand slik at dei kunne trena fram mot konkurransen.

Sist oppdatert 09.05.2012
Les meir…
 
Industrimekanikarkonkurranse 3. mai 2012
IndustrimekanikarvinnaraneTorsdag 3. mai arrangerte Nordhordland Handverk - og Industrilag i samarbeid med Osterøy Industrilag, Bergen Engines AS og dei tre vidaregåande skulane i Nordhordland meisterskap i industrimekanikarfaget hjå Bergen Engines AS (Rolls Royce) på Hordvikneset.

Deltakarane skulle byte lager, sette på ein ny flens og lage ei kobling på ein elektromotor. I tillegg skulle ei dieselpumpe demonterast, her skulle det bytast o-ringar og pakningar og skru motoren saman igjen.

Vinnaren vart Emil Veland Aastum frå Knarvik vgs. (i midten på bildet), Joakim Rød frå Osterøy vgs. kom på andre plass, og på tredje plass kom Tina Solberg Pedersen frå Austrheim vgs.

Sist oppdatert 09.05.2012
 
Robotskulen

RobotskulenRegion Nordhordland har våren 2012 laga eit flott Nordhordland-magasin. Mellom mykje spennande er det ein flott artikkel om "Robotskulen" Osterøy vidaregåande skule og Kompetansesenteret for CNC og robot.

Artikkelen sin første side finn du her .
Artikkelen sin andre side finn du her

Sist oppdatert 09.05.2012
 
Kårvik næringsområde til sals/leige

Kårvik næringsområdeAllsidig areal med påstående bygg med til sammen 7500 m2 gulvareal, mulighet for 3200 m2 nybygg, planert og fundamentert 35 min. fra Bergen sentrum, Lonevåg, Osterøy. Bompengefritt fra 2014. 44 km fra Flesland. Leie eller salg. Se også annonse på FINN.no. Johannes O. Borge 90107830 mob.

Osterøy kommune har nyleg oppgradert avkøyrsla frå fylkesvegen slik at større køyretøy no kan nytte den nye tunnelen på fv 567 fram til Lonevåg. 

Sist oppdatert 08.03.2012
 
Tilhenger av lokal kvalitet
Industrikonsulent Lars Mjøs, formann i Osterøy Industrilag Lars Magne Bysheim. Foto Martin HalvorsenTidsskriftet "samspill" som Bergen Næringsråd gir ut, har i sitt nummer 5/2011 fokus på at "Vi trenger ungdommen". I artikkelen "Tilhenger av lokal kvalitet" vert det sett fokus på samspelet mellom næringslivet og den vidaregåande skulen på Osterøy med Kompetansesenteret for CNC og robot. Det er reportasje frå både Tysse Mek Verksted AS og skulen/kompetansesenteret. Du kan sjå artikkelen her . Og heile tidsskriftet finn du her.
Sist oppdatert 20.12.2011
 
<< Start < Førre 1 2 3 Neste > Siste >>

Side 1 av 3