Uttale til skulebruksplanen for Hordaland

Osteroy vidaregåande skuleFramlegget til skulebruksplan for Hordaland går ut på å ikkje nytte kapasieteten ved det nye skulebygget til Osterøy vidaregåande skule i Lonevåg fullt ut. Osterøy Industrilag meiner kapasiteten må nyttast fullt ut.

Les Osterøy Industrilag sin uttale av 19.9.2012 her

 
Gründercamp på Osterøy

Grundercamp50 elevar frå dei videregåande skulane på Osterøy og Austrheim var sist i august 2012 samla til felles gründercamp, som ein kickstart på vidare ideutvikling i ungdomsbedrifter. Her ser me dommarane i aksjon.

Les meir på Ungt Entreprenørskap si heimeside. 

Sist oppdatert 19.09.2012
 
Osterøyelev vann skulekonkurranse i CNC
Vinnar Morten Lone KallekleivTorsdag 26. april 2012 vart det arrangert finale i skulekonkurransen i CNC på Nordhordland Industriservice på Radøy.

I finalen var det tre deltakarar, ein 2. års TAF-elev og ein VG2-elev frå Knarvik vidaregåande skule og ein VG2-elev frå Osterøy vidaregåande skule.

Elevane fekk utlevert oppgåva ei veke på førehand slik at dei kunne trena fram mot konkurransen.

Sist oppdatert 09.05.2012
Les meir…
 
Industrimekanikarkonkurranse 3. mai 2012
IndustrimekanikarvinnaraneTorsdag 3. mai arrangerte Nordhordland Handverk - og Industrilag i samarbeid med Osterøy Industrilag, Bergen Engines AS og dei tre vidaregåande skulane i Nordhordland meisterskap i industrimekanikarfaget hjå Bergen Engines AS (Rolls Royce) på Hordvikneset.

Deltakarane skulle byte lager, sette på ein ny flens og lage ei kobling på ein elektromotor. I tillegg skulle ei dieselpumpe demonterast, her skulle det bytast o-ringar og pakningar og skru motoren saman igjen.

Vinnaren vart Emil Veland Aastum frå Knarvik vgs. (i midten på bildet), Joakim Rød frå Osterøy vgs. kom på andre plass, og på tredje plass kom Tina Solberg Pedersen frå Austrheim vgs.

Sist oppdatert 09.05.2012
 
<< Start < Førre 1 2 3 Neste > Siste >>

Side 3 av 3