Industrikonsulenten på Osterøy til di teneste

valkweldingSom nyetablerar på Osterøy kan du nytte deg av rettleiingstenesta til Industrikonsulenten. Du kan få hjelp til alt frå forretningsidè til etablering og oppstart av eiga verksemd.

Indusrtrikonsulenten kan også hjelpe deg om du ønskjer å vidareutvikle ei eksisterande verksemd. Me har lang erfaring innan næringsutvikling og vidareutvikling av bedrifter.

Osterøy kommune og Osterøy Industrilag samarbeider om denne rettleiingstenesta for etablering og næringsutvikling. Bistand frå Industrikonsulenten på Osterøy er gratis for nyetablerarar og for enkle spørsmål og avklaringar.
Dersom spørsmålet ditt krev meir arbeid, må du etter avtale betale ein timepris.

Industrikonsulenten arbeider tett saman med næringsaktørar og samfunnsutviklarar gjennom m.a. fleire utviklingsprosjekt.
Lars Mjøs har vore tilsett som industrikonsulent sidan 1982. Han er utdanna sivilingeniør på maskinlinje og har praksis frå mekanisk industri og mange år innan etableringsrettleiing, nyskaping og utviklingsprosjekt.

Sist oppdatert 14.04.2010