Industrikonsulenten på Osterøy |


Osterøy iniativtakar til europeisk partnerskap innan CNC og robot |
Osterøy Industrilag har fått melding frå Senter for internasjonalisering av høgre utdanning, SiU, Bergen, om tildeling av EU-midlar til parterskapsprosjekt innan fagutdanning i CNC (datastyrte maskinar) og robot. Osterøy Industrilag står som koordinator for prosjektet som har 11 partnerar frå 5 europeiske land. Frå Noreg og Osterøy deltek også Kompetansesenteret for CNC og robot ved Osterøy vidaregåande skule og Mjøs Metallvarefabrikk AS. Partnerskapen skal utviklast over 2 år. Føremålet er å utveksle erfaringar mellom skular og verksemder som er involverte i oppbygging av kompetansesenter innan CNC og robot. Vidare skal partnerane utvikle fleire undervisningsmodular og førebu utveksling av elevar og instruktørar. EU har ei ordning for europeisk samarbeid innan fagopplæring under sitt program for livslang læring. Denne ordninga er oppkalt etter Leonardo da Vinci. Det vert til prosjektet ytt € 114.000 (vel 1 mill kr) til mobilitet/ som reisestøttet slik at partnerane kan møte kvarandre. Hordaland fylkeskommune har samarbeid med fleire regionar i Europa og dei fleste partnerane har me funne ved hjelp av Europakontoret i fylkeskommunen. Forutan dei norske, er det følgjande partnerar: 1 skule, 1 produksjonsverksemd og 1 internasjonalt kontor ved eit teknisk universitet, alle i Thüringen I Tyskland: 1 maskinleverandør i Sverige: 1 regionalutviklingsinstitutt (som samarbeider med eit teknisk universitet) og 1 produksjonsbedrift i Litauen: |
Sist oppdatert 25.03.2010 |