Industrikonsulenten på Osterøy |


AUTOADM - samarbeidsprosjekt i Osterfjordregionen |
Osterfjord Næringssamarbeid har i haust starta opp prosjektet AUTOADM som m.a. er finansiert gjennom Regionalt næringsfond for Osterfjord. I Osterfjordregionen er det eit stort innslag av mikrobedrifter med 2 - ca 10 tilsette. Me har slike bedrifter i mange bransjar og særleg innan bygge- og anleggsbransjen som er ein viktig bransje i regionen. Det er dei seinare åra kome på marknaden og teke i bruk både teknologi og programvare som automatiserer og lettar administrative rutinar i mindre bedrifter. Eit viktig hjelpemiddel her er PDA'en. I Osterfjordregionen har me eit aktivt og kompetent fagmiljø innan utvikling og sal av IT-baserte administrative løysingar. Mål for prosjektet: Å stimulere til samhandling mellom lokale mindre bedrifter i Osterfjordregionen (2 – ca.10 tilsette) innan bygg- og anleggsbransjen (målgruppe) og IKT-kunnskapsmiljøet i Modalen, med sikte på å utvikle IKT-administrative løysingar som er spesialtilpassa desse bedriftene sitt behov for å kunne nytte ny teknologi med m.a. bruk av PDA`ar og "e-faktura", d.v.s. gjere livet administrativt lettare for dei aller minste bedriftene i Osterfjordregionen. Det vil bli oppretta ei brukargruppe på inntil 8 bedrifter og ei referansegruppe på inntil 20 bedrifter. Eit utviklingssamarbeid for prosjektet med Høgskolen i Bergen er i oppstartfasen. Ved avslutting av prosjektet vil alle interesserte bedrifter i regionen bli inviterte til orienteringsmøte. Prosjektansvarleg er: Lars Mjøs, sekretær Osterfjord Næringssamarbeid – Industrikonsulenten på Osterøy Prosjektplanen kan du sjå her [pdf]. |
Sist oppdatert 25.03.2010 |