Nyesvingen på Bysheim teken i bruk

Bysheimkleiva_opna_DSC04890Fv 567 over Bysheim er svingete.
No er den krappaste og bratte svingen på 350 grader erstatta med ein slak og fin sving.

Osterøy Industrilag tok initiativ til å bruke stein frå Lonevågsida av nyanlegget fv 567 Hauge - Lonevåg til utbetring av denne Bysheimsvingen. Med ei løyving frå næringslivet sine kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift på 0,5 mill kr, har Statens vegvesen klart å finansiere resten.

Det var ikkje tid til utarbeiding av reguleringsplan og Fylkesmannen tillot ikkje inngrep i bekken frå Litlandsvatnet. Ut frå dette synest me Statens vegvesen har vore både kreative og dyktige. Me har fått ein mykje betre veg og takkar både vegvesenet og entreprenøren Istak for innsatsen.

Sist oppdatert 18.10.2010