Industrikonsulenten på Osterøy |


Stilling som industrikonsulent ledig |
Vil du vere med å utvikle vidare det spennande industri- og næringsmiljøet på Osterøy? Osterøy Industrilag vil tilsette ny industrikonsulent/dagleg leiar. Lars Mjøs som har vore industrikonsulent i 35 år, vil vere med å gje deg ein god start. Arbeidsoppgåver:
Du må i stor grad sjølv skaffe oppdrags- og prosjektinntekter og løna di vert i samsvar med dette. For å gje deg ein god start, har me bygd opp ein god buffer. Du må vere initiativrik, sjølvgåande, ha strategiske evner og vere god til å samarbeide. Høgare utdanning som t.d. ingeniør/ sivilingeniør og industrierfaring er ein styrkje. Du er velkomen til å utforme stillinga med ny form og nytt innhald. Osterøy kommune held kontor til verksemda like ved rådhuset i Lonevåg. Nærare informasjon om stillinga finn du her . Søknadsfrist 15.2. 2017. Kontaktpersonar: Formann i Osterøy Industrilag, Lars Magne Bysheim, mobil 901 20 990 og industrikonsulent Lars Mjøs, mobil 416 28 531. |