Næringsdepartementet interessert i CNC og robotmiljøet i Bergensregionen

Moen_Robot_DSC05056Næringsminister Trond Giske har i sommar gjennom brev synt interesse for CNC og robotmiljøet i Bergensregionen. Politisk rådgjevar Jeanette Iren Moen ønskte å få meir innsikt i denne næringklynga og vitja 2. desember Bergensregionen. Ho hadde med seg rådgjevar Ingvill Tollman Fosse.

 

Dei vitje Mjøs Metallvarefabrikk AS som m.a. har 3 robotceller for automatisk mating av CNC-maskiner. Dei vitja den nye verkstaden til Kompetansesenteret for CNC og robot ved Osterøy vidaregåande skule og fekk m.a. sjå elevar som styrte og programmerte 2 robotar. Siste del av turen gjekk til Rolls Royce på Hordvikneset og Fellesforbundet.

Moen_Emco_DSC05060Under lunsjen tok formannen i Osterøy Industrilag, Lars Magne Bysheim, opp aktuelle næringspolitiske spørsmål, m.a. problema knytt til arv av bedrifter. Undervegs orienterte Lars Mjøs, Industrikonsulenten på Osterøy, og Alf Einar Holdhus, avdelingsleiar ved Kompetansesenteret om satsinga i Bergenregionen, m.a. gjennom Business Region Bergen, på å styrke og vidareutvikle CNC og robotklynga i Bergensregionen. Me har no fått god kontakt med departementet for vidare arbeid med utviklinga av denne klynga.

 

Politisk rådgjevar Jeanette Moen vart oppmoda om å sjå nærare på innovasjon Norge sin bedriftsnettverksordning. Det er mange som synest det er underleg at det etablerte Robotiseringsnettverket med utspring på Osterøy, fell utanfor regelverket/ krav om å måtte drive business saman.

Sist oppdatert 17.12.2010