Osterøy Industrilag gjennomførte 11.-21.3.2011 ein svært interessant og vellukka studietur til Kina med 18 deltakarar. Turen var lagt opp av Scandinavian Wheel AS. 2 av dagane sto den kinesiske maskinprodusenten TROOP for bedriftsbesøka. Me vitja både Beijing, Hohhot i Indre Mongolia og Shanghai. I Hohhot fekk me m.a. omvising på eit av dei største og mest moderne meieria i verda (biletet). Me fekk sjå både høgteknologisk produksjon med fokus på miljø og velordna, men svært manuelt basert og arbeidsintensiv produksjon. Me trefte mykje hyggjelege folk og har mykje å lære av kvarandre.
|
Sist oppdatert 22.03.2011 |