Alle medlemmer i Osterøy har merka finanskrisa.

udersokSom medlem av Næringsalliansen og saman med Bergen Næringsråd har Osterøy Industrilag i veke 45 gjennomført ei spørjegransking mellom våre 40 medlemsbedrifter.

Heile 2/3 av medlemmene har svart.
Alle som har svart, melder at dei har blitt påverka av finanskrisa.
71% av bedriftene melder om redusert omsetning.
Ingen har heldigvis fått redusert omsetninga med 50% eller meir, men nesten kvar 5. bedrift har reduksjon i omsetninga på 26% - 49%.
Fleirtalet av bedriftene, 58%, har ikkje hatt nedgang i talet på tilsette.
Over halvparten av bedriftene, 55,5%,  trur på auka eller uendra omsetning dei næraste 6-12 månadene.
Berre 2 av medlemmene i Osterøy Industrilag som har svart, melder at dei har hatt direkte nytte av krise- og tiltakspakkene. Dette gjeld byggjebransjen med offentlege byggje- og vedlikehaldsoppdrag.
Heile 62% melder at «ikkje tilgang på nye ordrar» er mellom dei største utfordringane på oppdragssida. Så me er absolutt ikkje tilbake i nokon normaltilstand enda, om ein kan snakke om noko slikt.

 

Resultata frå spørjegranskinga mellom medlemmene i Osterøy Industrilag finn du her.
Her finn du kommentarar/nokre resultat frå spørjegranskinga for Bergensregionen.

Sist oppdatert 26.03.2010