2,4 mill kr til prosjektet Kompetansesenteret for avansert maskinering

Prosjektet er no i ferd med å gå over i ordinær drift i form av "Kompetansesenteret for CNC og robot". Dette vert organisert som ei eiga avdeling/resultateining ved Osterøy vidaregåande skule. Elevane ved VG1 Teknikk og industriell produksjon og VG2 Produksjons- og industriteknikk får no undervisning i moderne CNC-teknologi og i robotteknikk på eigen, topp moderne robot. Kompetansesenteret er også i gang med eksterne kompetanseoppdrag.

Denne veka er ein lærar og ein instruktør på opplæring i Sverige i bruk av robotar og robotar med kamera, m.a. basert på stipend frå Leonardo da Vinci-ordninga.

Prosjektstyre er "Komite for vidareutvikling av Osterøy vidaregåande skule", ein breitt samansett komite med deltakarar frå skular, kommunen, næriingslivet og politikarar. Industrikonsulenten på Osterøy er sekretær for komiteen. Prosjektet går i regi av både Osterfjord Næringssamarbeid (Modalen, Osterøy og Vaksdal) og Osterøy vidaregåande skule.

Så langt er etbleringa støtta med verdiar på over 5 mill kr frå fylket, næringslivet, NAV, regionalt næringsfond for Osterfjord, eit fond etter Osterøy Utvikling, Leonardomidlar m.fl. Det er planlagt eit kompetanseutviklings - og maskininvesteringsprogram på til saman ca 10 mill kr. Det vert no søkt ytterlegare støtte frå næringslivet.

Prosjektbasen www.rup.no vert nytta som heimeside for prosjektet; søk "avansert maskinering".

Kontaktpersonar:
Prosjektleiar Torgeri Njåstad (skulen): 91 76 56 61
Prosjektleiar Leif Tore Solberg (næringslivet): 90 73 15 66

Sist oppdatert 25.03.2010