Utgreiingar om biovarmeanlegg i Dale, Lonevåg og Vaksdal

Osterfjordrådet og Osterfjord Næringssamarbeid er i gang med ei kartlegging av mogelege biovarmeanlegg i Osterfjordregionen.
Til ei vurdering av moglegheitene i tettstadene Dale, Lonevåg og Vaksdal har Osterfjord Næringssamarbeid engasjert Enercon AS som no har levert 3 rapportar, ei for kvar tettstad. Me vil understreke at dette er ei oversiktskartlegging. Nærare analysar må gjennomførast før det er mogeleg å eventuelt ta ei investeringsavgjerd.

Dale er den tettstaden som har det desidert største energiforbruket, ca 35 GWh pr år, og som i stor grad kan vere mogeleg å dekke med bioenergi. Dette vil kunne erstatte forbruk av fossilt brensel. Biobrensel er CO2-nøytralt. Dei største energibrukarane er Daletec AS og Dale of Norway AS. Dale er den tettstaden der tilhøva ligg best til rette for bruk av biovarme også i offentlege bygg, forretningsbygg og bustadbygg då mange av desse i dag har vassbore varmesystem/ oljefyring.
Daletec AS, Dale of Norway AS og Vaksdal kommune ønskjer no at alternativ C1, eit større dampanlegg basert på brikettar, eventuelt på flis, vert nærare utgreidd. Tanken då er å dekke ein stor del av energibruken både i fabrikkane og i Dale sentrum gjennom eit fjernvarmenett. Enercon AS er engasjert for å prosjektere og kostnadsvurdere dette nærare.

I Vaksdal synest det mindre aktuelt å byggje ut eit fjernvarmenett. Men eit dampanlegg på ca 6,5 GWh pr år, basert på pellets og eventuelt biorestar frå mølledrifta, kan bli aktuelt å vurdere nærare, særskild om olje- og el-prisane aukar. Felleskjøpet Agri vil studere rapporten nærare.

I Lonevåg ligg energibrukarane nokså spreidde og bygningane er i liten grad baserte/førebudde på vassbore varmesystem med unnatak av Borge Garveri AS. Tilhøva i Lonevåg ligg difor ikkje særleg godt til rette for eit fjernvarmenett. Men om nye, større bygg vert bygde med vassbore varmesystem, om prisane på olje og el aukar og om det t.d. vert overskottsvarme frå gassifiseringsanlegget ved Borge Garveri AS, kan det bli aktuelt å sjå nærare på utbygging av eit fjernvarmenett. På grunn av avstandar og topografi vert grøfte- og leidningskostnadene i Lonevåg vesentlege. Det er difor aktuelt å vurdere trasear nærare enn den grove vurderinga som er gjort i forprosjektet.

Forprosjektrapport:
Dale
Lonevåg
Vaksdal

Sist oppdatert 16.04.2010