Samarbeider om styrking av CNC og robotklyngen |
Høgskulen i Bergen, Robotiseringsnettverket, Osterøy Industrilag og Kompetansesenteret for CNC og robot ved Osterøy vidaregåande skule vil samarbeide om styrking av CNC og robotklyngen i Bergensregionen.
Samarbeidsutvalet for samarbeid mellom Høgskulen i Bergen og Osterfjordregionen (Modalen, Osterøy og Vaksdal) skipa 19.4.2010 til synfaring hjå Jakta Metall AS, i verkstaden i nybygget til Osterøy vidaregåande skule som opnar på ettersommaren og i skulen sin noverande verkstad. Etter synfaringa var det presentasjonar og drøftingar.
Høgskulen i Bergen var m.a. representert ved leiar for ingeniørutdanninga, Ole Gunnar Søgnen, leiar for Nyskapingssenteret Anne Lise Bergheim, leiar i samarbeidsutvalet Tom Skauge og spesialkonsulent Nils Mæhle (tidlegare mangeårig direktør). Atle Markussen frå Noregs Forskingsråd og Thore Thomassen frå Europakontoret i Hordaland fylkeskommune tok også del. Elles deltok skulen/kompetansesenteret, Osterøy Industrilag/Industrikonsulenten på Osterøy og representantar frå fleire industribedrifter.
Partane er samde om å samarbeide for å synleggjere, styrke og vidareutvikle CNC og robotklyngen i Bergensregionen. Høgskulen og Kompetansesenteret for CNC og robot vil samarbeide om styrka undervisning og kompetanseutvikling innan feltet og ein vil styrke samhandlinga mellom undervisning og næringa.
7 bedrifter inkludert Kompetansesenteret for CNC og Robot er gått saman om etablering av eit Robotiseringsnettverk. Dette nettverket ønskjer no å gå frå ein forprosjektfase støtta av Innovasjon Norge og over i ein driftsfase. Det er aktuelt å utvide dette nettverket og Høgskolen i Bergen ønskjer å vere deltakar i nettverket.
Robotiseringsnettverket har nyleg besøkt RoboCluster som er ein svært aktiv klyngeaktør i Danmark. RoboCluster vil no bygge eit skandinavisk nettverk og ønskjer nærare samarbeid med Robotiseringsnettverket. Høgskulen i Bergen vil gjerne vere ein aktiv part i eit slikt nettverk. Kontakt person ved Høgskolen er instituttleiar Mons Monstad.
Høgskolen/ samarbeidsutvalet førebur no ein søknad til det nye Regionale forskingsfondet for Vestlandet om forprosjektmidlar til forskingsprosjekt knytt til CNC og robot, m.a. innan yrkespedagogikk og innan teknologileiing.
|
Sist oppdatert 20.04.2010 |