Industrikonsulenten på Osterøy |


Årsmøtedeltakarane fekk komme 500 m inn i fjellet |
![]() Biletet er teke ved tunnelinnslaget i Haugedalen. Anleggsleiar for Istak, Hafsteinn Hafteinnson, orienterer. Statens vegvesen orienterte om dei mange utfordringane dei har måtte takle for å få realisert prosjektet, m.a. omarbeiding av tidlegare planar. Det er difor godt at det no er god framdrift. Steinmassar frå veganlegget i Lonevåg vert nytta til vegomlegging av Bysheimkleivane. Her bidreg næringslivet med 0,5 mill kr av totalkostnaden på 2,5 mill kr. Fylkesmannen tillot ikkje ny kryssing av bekken; difor vert det ein liten ekstra sving her. Den nye vegstubben vert opna i august 2010. Istak orienterte om Phil & Søn, ei stor dansk entreprenørgruppe som dei er tilslutta. Dei fortalde også om eiga verksemd i inn og utland. Utanlandsoppdraga gir vidsyn og er no svært viktige for vidareføring av verksemda Istak. På Island er det for tida nesten heilt tørke når det gjeld entreprenøroppdrag. Island treng kapital og innlegget vart avslutta med at om årsmøtedeltakarane la nok Euro i papirkorga når møtet var slutt, ville vulkanen vere avskrudd dagen etter. ![]() Årsmøtet gjorde attval av alle styremedlemmene og Lars Magne Bysheim held fram som formann. |
Sist oppdatert 21.04.2010 |