Osterøy-elev vann skulemeisterskap

Vinnaren_CNC_konkurranse_2010_250Michal Poniewaz, elev ved Osterøy vidaregåande skule, vann skulemeisterskapen i CNC-maskinering.

Vinnaren går vidare til Yrkes-NM på Lillehammer i oktober.

Det er første gongen det er arrangert konkurranse innanfor CNC-faget i Hordaland. Denne gongen var det elevar frå Arna, Knarvik og Osterøy som var med.

At ein elev får Osterøy vidaregåande skule vann denne konkurransen, viser at det samarbeidet som skulen og det lokale næringslivet har for å styrka utdanninga innanfor CNC og robot, no ber frukter.

Konkurransen kom i stand som eit samarbeid mellom Nordhordland Handverk- og Industrilag, Osterøy Industrilag og dei vidaregåande skulane i regionen.

Målet med konkurransen er å setja fokus på dette fagområdet og skapa entusiasme og kvalitetsfokus hos elevane. For mange vil det å delta i konkurransen vera noko å strekkja seg etter.
Kompetansesenteret for CNC og robot ved Osterøy vidaregåande skule håpar å spela ei sentral rolle i desse konkurransane i framtida, både som arrangør og som ”leverandør” av gode elevar.

 

 

 

Sist oppdatert 12.05.2010