Osterøy Industrilag fekk møte regjeringstoppar

Statsminister_Jens_Stoltenberg_150Den 19. mai 2010 vitja statsministeren, kunnskapsministeren, kommunal- og regionalministeren m.fl. Vestlandet og inviterte til mottaking i Grieghallen som del av "Samarbeid for arbeid".
Formannen i Osterøy Industrilag, Lars Magne Bysheim, og sekretæren, Lars Mjøs, var mellom dei som var inviterte. (Foto frå regjeringen.no, Bjørn Sigurdsøn, Scanpix/SMK).


Me fekk snakka med statsministeren og med dei 2 statrådane m.a. om at det er viktig å ha industri som ikkje er (berre) knytt til olje/gass og som me skal leve av når det vert mindre olje og gass og at automatisering/robotisering er viktig verkemiddel for å kunne ha slik industri og sjølvsagt også oljerelatert industri.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete fatta stor interesse for informasjon knytt til automatisering og robotisering og nemnde automatisering i si oppsummering.
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen fekk ei heilt kort orientering om at me har eit godt samarbeid skule/næringsliv, at Osterøy vidaregåande skule har lite fråfall, at me har etablert Kompetansesenteret for CNC og robot, at me vil søkje hennar departement om landslinje og at me gjerne ser at ho kjem til Osterøy.

Her kan du lese eit innspel som Osterøy Industrilag har sendt til www.samarbeidsforarbeid.no; Næringsutvikling ved hjelp av robotkunnskap

 

Sist oppdatert 02.06.2010