Industrikonsulenten på Osterøy |
Kunnskapsministeren fekk robotservert kake |
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen besøkte 26.10.2010 Osterøy vidaregåande skule og Kompetansesenteret for CNC og robot. Eitt av høgdepunkta var robotservering av sjokoladekake. Ho er engasjert i graden av gjennomføring i vidaregåande skule, serskild i yrkjesfag, og ho fekk ein god dialog med elevane om deira tankar.
Kunnskapsministeren holdt eit inspirerande innleiingsforedrag på konferansen "Rett kompetanse" i Bergen før ho vart teke med til Osterøy. På bussen fekk ho orientering om det tette samarbeidet mellom skulen, næringslivet og høgare utdanning/forsking som kan vere noko av årsaka til høg grad av gjennomføring ved skulen. Ho fekk også grundig orientering om bakgrunnen for planane om å søke departementet om landslinje innan CNC og robot.
På vegen fekk ho med seg eit godt underlag for vidare arbeid med departementet si satsing "Ny giv" med m.a. "meir relevant og praksisnær fag- og yrkesutdanning".
Sjå nærare omtale av statsrådbesøket på Hordaland fylke sin heimeside. |
Sist oppdatert 29.10.2010 |