Betre tilkomst til næringsarealet i Kårvika |
Osterøy kommune har no starta arbeidet med å bygge om Kårvikskiftet slik at det no vert mogeleg å svinge med store køyretøy frå og til Lonevåg. No som den nye tunnelen mellom Lonevåg og Hauge vil kunne nyttast, er det viktig at nyttetrfikken slepp å måtte bruke gamlevegen om Revheim. Dette gjer det store næringsområdet i Kårvika meir attraktivt etter at Borge Garveri-epoken tok slutt i 2010. Det er Osterøy-firmaet Øksnes Maskin AS som utfører arbeidet.
Osterøy Industrilag har arbeidd for å få dette prosjektet realisert.
|
Sist oppdatert 01.11.2011 |