Styrking av Osterøy vidaregåande skule |
Framlegget i 2012 til ny skulebruksplan for vidaregåande skular i Hordaland la i praksis opp til ei svekking av skulen med avvikling av fleire av utdanningsprogramma med m.a. som konsekvens at overvekten av gutar ville bli enda større. Det store lokale engasjementet, m.a. frå Osterøy Industrilag si side, bidro til at fylkestinget 13.3.2013 vedtok å styrke skulen: Alle eksisterande utdanningsprogram vert vidareførte. I tillegg vert det oppretta ny VG2-klasse i design og tekstil og auke til 2 klassar på VG2 industriteknologi. sjå skulen sin heimeside.
|
Sist oppdatert 15.04.2013 |