Industrikonsulenten på Osterøy |


Godsterminal i tunnel |
Planen om ny dobbeltspora jernbane Arna-Voss og ny E16 Arna-Voss har gitt inspirasjon til ein ide som kan løyse lokaliseringa av logistikknutepunkt/godsterminal for Bergensregionen. Vedlagt følgjer ei konseptutgreiing for godsterminal i tunnel aust for Arna. Dette alternativet reduserer betydeleg eller eliminerer arealkonflikter vs. natur, landbruk, busetnad, næring og friluftsinteresser – eit avgjerande punkt i arbeidet med dei andre alternativa for ”logistikknutepunkt for Bergensregionen”. Kostnaden for ein rein containerterminal i tunnel er rekna til 1,5 milliardar kroner. Det vil vere mogeleg å knytte terminalen også til sjøtransport. Osterøy kommune har i samarbeid med Osterøy Industrilag engasjert Sweco til å utgreie eit konsept for godsterminal i tunnel. Arbeidet er finansiert med tilskott frå Regionalt næringsfond for Osterfjord. Konseptet byggjer på ein ide frå Lars Mjøs som han og Aksel Mjøs presenterte i ein kronikk i Bergens Tidende 25.5.2016. Kommunen og Industrilaget ønskjer å bidra til å finne ei løysing for lokalisering av godsterminal i Bergen. Det skisserte alternativet kan gje positive ringverknader for Osterøy og Osterfjordregionen. Frå innleiinga til konseptutgreiinga: «I Bergen ligger godsterminalen for omlasting mellom bane og veg i tilknytning til Bergen jernbanestasjon, sentralt i Bergen. Terminalen er organisert og blir drevet på en arealkrevende måte. Samtidig brukes terminalen både som buffer for manglende kapasitet på Bergensbanen og for kundene. Ny dobbeltsporet jernbane Arna-Voss og den nye dobbeltsporete Ringeriksbanen vil øke kapasiteten på Bergensbanen vesentlig. Ved å plassere en godsterminal i tunnel øst for Arna, kan viktig sentrumsareal frigjøres, trafikkbelastningen i Bergen sentrum reduseres vesentlig og en unngår at godstogene konkurrerer med persontog-kapasiteten på strekningen Arna-Bergen. Forslaget om en godsterminal i tunnel øst for Arna, er basert på at dette blir en ren containerterminal.» Rapporten i A4-format kan du laste ned her . Rapporten som bare rein tekst kan du laste ned her . Rapporten eigna for trykking på A3 og bretting til A4 og stifting kan du laste ned her . Rapporten i eit format som er eigna for presentasjon kan du laste ned her . |
Sist oppdatert 05.05.2017 |