Industrikonsulenten på Osterøy |
Årsmøtedeltakarane fekk prøvekøyre tunnelen |
Torsdag 28.4.2011 var det årsmøte i Osterøy Industrilag. Laget har engasjert seg sterkt for å få realisert ny fv 567 mellom Hauge og Lonevåg. Årsmøtedeltakarane var svært nøgde med å få komme gjennom tunnelen for første gang under kyndig orientering av prosjektleiar Tor Arne Thorsen og byggjeleiar Kari Bremnes. Det ser ut til at ein kan klare å halde budsjettet og det er ikkje urealistisk med opning i midten av oktober 2011. Før sjølve årsmøtet fekk deltakarane også oreintering om Espevoll næringsområde ved Eileen Aasheim og Nilse Skjerping i Osterøy Entreprenør AS. Lars Magne Bysheim vart attvald som formann. |
Sist oppdatert 29.04.2011 |