Raskare og betre veg mellom Lonevåg og omverda
Vegopning_161111Det var ein stor dag for Osterøysamfunnet då fylkesordførar Tom-Christer Nilsen opna den nye fylkesveg 567 mellom Hauge og Lonevåg. Mykje folk var møtt fram og det var stor trafikk gjennom den 1550 m lange tunnelen etter opninga. Under opningsfesten takka formannen i Osterøy Industrilag, Lars Magne Bysheim, for den flotte vegen. Smal, kronglete og til tider glatt veg over Revheim har vore eit stort problem. No er dette løyst og ostringane vert knytte nærare saman.
Sist oppdatert 23.11.2011