Osterøy Industrilag |
Satsingsområde |
Osterøy Industrilag vert leia av eit aktivt styre der også varamedlemmene møter fast. Formannen og nestformannen utgjer eit arbeidsutval. Årsmøtet er laget sitt høgste organ. Det vert skipa medlemsmøte fleire gonger i året og av og til studieturar.FøremålLaget har til føremål å ivareta medlemene sine faglege, økonomiske og sosiale interesser. Det skal fremja forståing for desse i næringsliv og i samfunn og hevda medlemene sine interesser i saker av kollektiv karakter. Laget skal arbeida for å heva det industrielle nivå og arbeida for kollegial forståing og samhold mellom medlemene. Laget kan ikkje plikta medlemene økonomisk eller kontraktmessig.VegstandardLaget har i mange år arbeidd for betre veg- standard på Osterøyvegane. Laget har leiar- vervet og er godt representert i styret for Kompensasjonsmidlane for auka arbeidsgjevaravgift. Desse midlane har vore nytta godt og har vore med å utløyse vegbygging og vegutbetringar for mykje større verdiar enn innsatsen.
KompetanseutviklingLaget har alltid hatt fokus på kompetanseutvikling. For tida støttar me opp under Kompetansesenteret for CNC og robot ved Osterøy vidaregåande skule og er m.a. representert i rådet for Kompetansesenteret. Fleire av våre medlemsbedrifter er saman med Kompetansesenteret aktive i eit Robotiseringsnettverk.
NæringspolitikkOsterøy Industrilag er engasjert i lokal næringsutvikling og næringspolitikk. Døme er breibandutbygging og tilgang til næringsareal. Laget støttar opp under arbeidet for å etablere eit større næringsområde på Espevoll, ikkje så langt frå Osterøybrua. Laget er også aktiv deltakar i Næringsalliansen; eit samarbeid mellom næringsforeiningar i Bergensregionen. Formannen i Osterøy Industrilag er med i Næringsalliansen sitt arbeidsutval. |
Sist oppdatert 07.04.2010 |