Prøveordning med nyheitsbrev
Nyheitsbrev_bildeDå har me sett i gang eit prøveprosjekt med nyheitsbrev som vert sendt ut til alle medlemmane og andre som har tilknytning til Industrilaget og Industrikonsulenten.
Nyheitsbrevet vert sendt ut som ein epost med helsing til kvar enkelt mottakar.
Om ein ynskjer det kan en klikke her for å åpne nyheitsbrevet som pdf-fil -noko som kan vere betre om ein ynskjer til eksempel å skrive ut nyheitsbrevet.

Gi gjerne tilbakemeldingar på epostadressen som er oppgitt i nyheitsbrevet.
Legg spesielt merke til saka om truckførarkurs der en kan melde seg på (kort frist!)
Så ynskjer eg alle god lesing og god vinterferie.
Helsing,
Marton Ulstein (Industrikonsulenten)
Sist oppdatert 25.02.2018
 
Marton Ulstein er godt i gang som Industrikonsulenten på Osterøy

Industrikonsulent Lars Mjøs har sagt frå til styret at han treng avløysing grunna sin Parkinsons sjukdom, serskilt dei hjernerelaterte synsvanskane. Han er førebels sjukmeld. Styret oppnemnde ei tilsettingsnemnd. Og frå 18.9.2017 er me så heldige at Marton Ulstein tok til i jobben. Han kjem frå forretningsfamilie på Sunnmøre, har praksis frå m.a. Sunnmørsbedrifter og er utdanna både ingeniør og økonom. Her finn du ein nærare presentasjon. Du får tak i Marton Ulstein på 56 19 22 70, mobil 976 74 993 og Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Formannen i Osterøy Industrilag, Lars Magne Bysheim, har skifta epostadresse til: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Sist oppdatert 02.10.2017
 
Godsterminal i tunnel

oversikt 3d perspektiv b800

Planen om ny dobbeltspora jernbane Arna-Voss og ny E16 Arna-Voss har gitt inspirasjon til ein ide som kan løyse lokaliseringa av logistikknutepunkt/godsterminal for Bergensregionen. Vedlagt følgjer ei konseptutgreiing for godsterminal i tunnel aust for Arna. Dette alternativet reduserer betydeleg eller eliminerer arealkonflikter vs. natur, landbruk, busetnad, næring og friluftsinteresser – eit avgjerande punkt i arbeidet med dei andre alternativa for ”logistikknutepunkt for Bergensregionen”. Kostnaden for ein rein containerterminal i tunnel er rekna til 1,5 milliardar kroner. Det vil vere mogeleg å knytte terminalen også til sjøtransport.

Osterøy kommune har i samarbeid med Osterøy Industrilag engasjert Sweco til å utgreie eit konsept for godsterminal i tunnel. Arbeidet er finansiert med tilskott frå Regionalt næringsfond for Osterfjord. Konseptet byggjer på ein ide frå Lars Mjøs som han og Aksel Mjøs presenterte i ein kronikk i Bergens Tidende 25.5.2016. Kommunen og Industrilaget ønskjer å bidra til å finne ei løysing for lokalisering av godsterminal i Bergen. Det skisserte alternativet kan gje positive ringverknader for Osterøy og Osterfjordregionen.

Frå innleiinga til konseptutgreiinga:

«I Bergen ligger godsterminalen for omlasting mellom bane og veg i tilknytning til Bergen jernbanestasjon, sentralt i Bergen. Terminalen er organisert og blir drevet på en arealkrevende måte. Samtidig brukes terminalen både som buffer for manglende kapasitet på Bergensbanen og for kundene. Ny dobbeltsporet jernbane Arna-Voss og den nye dobbeltsporete Ringeriksbanen vil øke kapasiteten på Bergensbanen vesentlig. Ved å plassere en godsterminal i tunnel øst for Arna, kan viktig sentrumsareal frigjøres, trafikkbelastningen i Bergen sentrum reduseres vesentlig og en unngår at godstogene konkurrerer med persontog-kapasiteten på strekningen Arna-Bergen. Forslaget om en godsterminal i tunnel øst for Arna, er basert på at dette blir en ren containerterminal.»

Rapporten i A4-format kan du laste ned her .

Rapporten som bare rein tekst kan du laste ned her .

Rapporten eigna for trykking på A3 og bretting til A4 og stifting kan du laste ned her .

Rapporten i eit format som er eigna for presentasjon kan du laste ned her .


Sist oppdatert 05.05.2017
 
Stilling som industrikonsulent ledig

Vil du vere med å utvikle vidare det spennande industri- og næringsmiljøet på Osterøy?

Osterøy Industrilag vil tilsette ny industrikonsulent/dagleg leiar. Lars Mjøs som har vore industrikonsulent i 35 år, vil vere med å gje deg ein god start.

Arbeidsoppgåver:

  • sekretær for Osterøy Industrilag

  • gratis etablerarrettleiing

  • råd og rettleiing for bedrifter

  • utvikling og gjennomføring av prosjekt i samarbeid med andre

Du må i stor grad sjølv skaffe oppdrags- og prosjektinntekter og løna di vert i samsvar med dette. For å gje deg ein god start, har me bygd opp ein god buffer.

Du må vere initiativrik, sjølvgåande, ha strategiske evner og vere god til å samarbeide. Høgare utdanning som t.d. ingeniør/ sivilingeniør og industrierfaring er ein styrkje. Du er velkomen til å utforme stillinga med ny form og nytt innhald.

Osterøy kommune held kontor til verksemda like ved rådhuset i Lonevåg.

Nærare informasjon om stillinga finn du her .

Søknadsfrist 15.2. 2017.

Kontaktpersonar: Formann i Osterøy Industrilag, Lars Magne Bysheim, mobil 901 20 990 og industrikonsulent Lars Mjøs, mobil 416 28 531.

 
Arbeider for rask realisering av ny jernbane og ny E16 Arna-Stanghelle og for godsterminal i tunner

Osterøy Industrilag arbeider aktivt for rask realisering av ny dobbeltspora jernbane og ny E16 Arna-Stanghelle. Me har arbeidd for at kommunen skal utarbeide ein plan for å kunne vere med å ta imot steinmassar frå anlegget. Å bli kvitt stienmassane er ein føresetnad for oppstart. Kommunen har vedteke å utarbeide ein massehandteringsplan og me bistår kommunen med å skaffe finansiering. Industrilaget har engasjert seg i spørsmålet om godsterminal i Bergen og har gått ut med ein ide om godsterminal i tunnel aust for Arna langs Sørfjorden. Me har sendt oppfordring til samferdsleministaren om å ta med avsnitt om mogeleg godsterminal i tunnel i forslaget til planprogram for den statlige reguleringsplanen for E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle. Regionalt næringsfond for Osterfjord har løyvd kr 260.000 til ein moglegheitsstudie og visualisering av denne tunell-godsterminalen.

Sist oppdatert 31.01.2017
 
<< Start < Førre 1 2 3 Neste > Siste >>

Side 1 av 3